Differences between revisions 4 and 6 (spanning 2 versions)
Revision 4 as of 2007-03-18 10:57:48
Size: 2933
Editor: ?AxelBojer
Comment:
Revision 6 as of 2009-03-16 03:29:38
Size: 2939
Editor: anonymous
Comment: converted to 1.6 markup
Deletions are marked like this. Additions are marked like this.
Line 1: Line 1:
[http://wiki.debian.org/SpellNorwegian/Møteplan Referat fra tidligere møter] [[http://wiki.debian.org/SpellNorwegian/Møteplan|Referat fra tidligere møter]]
Line 3: Line 3:
Meir informasjon om oss finn du [http://no.speling.org/ her]. Meir informasjon om oss finn du [[http://no.speling.org/|her]].
Line 7: Line 7:
Informasjon om det forrige møtet ligger på ["SpellNorwegian/Møte/2007-02-04"].
Informasjon om det neste møtet ligger på ["SpellNorwegian/Møte/2007-03-18"].
Informasjon om det forrige møtet ligger på [[SpellNorwegian/Møte/2007-02-04]].
Informasjon om det neste møtet ligger på [[SpellNorwegian/Møte/2007-03-18]].
Line 28: Line 28:
Du finn loggen frå møtet [http://no.speling.org/2007-02-04-ircmoete.log her]. Du finn loggen frå møtet [[http://no.speling.org/2007-02-18-ircmoete.log|her]].

Referat fra tidligere møter

Meir informasjon om oss finn du her. Møtet blei gjennomført på pratekanalen #spell-norwegian på irc.oftc.net mellom klokka 12 og 13. Forrige møte var 4.2.2007 ca. kl. 12--13.

Informasjon om det forrige møtet ligger på SpellNorwegian/Møte/2007-02-04. Informasjon om det neste møtet ligger på SpellNorwegian/Møte/2007-03-18.

IRC-møte 18. februar 2007

Møtet vil finne stad søndag 18.03.2007 klokka 17 til 13.

Tilstades

  • Petter Reinholdtsen (pere)
  • Håvard Korsvoll (korsi)
  • Axel Bojer (axelb)
  • Espen Talberg (espen)
  • Lars-Erik Labori (lasse)

Saker som blei handsama på møtet

  1. Val av referent og loggsamlar
  2. Fjerning av omstridte ord? (nb: 150, nn: 3859)
  3. Status for ny utgave av stavekontrollen
  4. Status for lisens på synonymordlistene

IRC-logg

Du finn loggen frå møtet her.

Referat

1. Val av referent og loggsamlar

Håvard vart valt til å samle logg og skrive referat. Første ledd av oppgåva klarte han ikkje, men fekk heldigvis hjelp frå sparre (som ikkje deltok men logga likevel møtet :). Andre del av oppgåva er han i ferd med å gjere ferdig no.

2. Fjerning av omstridte ord?

Petter har oppdaga at det er ein del ord frå speling.org som er markerte som omstridte (nb: 150, nn: 3859). Desse orda må gjennomgåast og sjå om dei ligg i norsk.words.

Det er i tillegg ynskjeleg å få på plass retningslinjer for å leggje til og fjerne ord frå norsk.words. Desse retningslinjene bør vere tilgjengeleg på web (wiki eller no.speling.org). Håvard vil prøve å notere noko på wikien etterkvart som han jobbar seg gjennom nokre av listene.

3. Status for ny utgåve av stavekontrollen

Petter og Håvard har lagt inn ein del nye ord i norsk.words. Håvard har også retta på enkelte ord som han har funne var feil (dette har berre vore for nynorsk ord) og lagt inn ei stjerne på ein del ord (dvs ord som tidlegare berre har vore ført opp som bokmålsord, men som også kan skrivast på nynorsk).

Vi satsar på å få gjeve ut ein ny versjon av stavekontrollen i løpet av dei næraste dagane. Håvard skal sjå på dette. Han får hjelp av Petter og Axel viss han står fast.

Axel og Petter startar på å forfatte ei pressemelding som skal sendast ut i samband med ny versjon av stavekontrollen. Sidan departementet har inne søknad frå språkrådet om pengar til å frigje dei offisielle ordlistene, er dette svært viktig. All blæst omkring stavekontrollprosjektet er viktig for å påverke beslutningstakarane.

4. Status for lisens på synonymordslitene

Lisensen for synonymordlistene på synonymer.merg.net er no GPL. Det gjer at det er uproblematisk å pakke synonymordlista saman med stavekontrollen.