Referat fra tidligere møter

Møtereferat frå møte i prosjektet Spell-Norwegian. Møtet tok stad på #spell-norwegian 2006-02-06 18:00 CET.

Informasjon om det neste møtet ligger på SpellNorwegian/Møte/2006-03-06.

Formalitetar

Referat

Denne agendaen blei diskutert:

  1. Sende ut ei pressemelding om prosjektet
  2. Informasjon om ordklassar
  3. Synonymordlista
  4. Bygging av stavekontrollen

1. Pressemelding

Det finst ein kladd av pressemeldinga her. Vi diskuterte om ho er god nok slik at journalistar vil skrive om oss. Håvard meinte vi bør vinkle det meir mot OpenOffice.org sidan det har meir gjennomslagskraft enn fri programvare generelt.

Håvard påpeika at det er mange som synes kvaliteten på stavekontrollen i dag er for dårleg. Men vi veit ikkje om nokon undersøkingar som kan underbyggje denne påstanden.

Vi kan iallefall skrive at vi no har høve til å betre stavekontrollen i OpenOffice.org.

Petter vil gjerne at vi avsluttar pressemeldinga med eit sitat frå nokon i prosjektet. Pressemeldinga slik ho er no avsluttar noko brått.

2. Informasjon om ordklassar

3. Synonymordlista

Det som er morosamt med synonymordlista er at i motsetning til Alf Hellevik si (m)ordliste så er dette faktisk ei mordliste over synony:-).

4. Bygging av stavekontrollen

Andre ting vi diskuterte

Vi må få orden på postmottaket. Håvard skal prøve å få posten gjennom perl-blokker for handtering av e-post, slik at vi kan ta i mot Q-P post og kan levere posten inn i databasen med det teiknsettet vi ynskjer. Vi vil helst bruke UTF-8 på databasen.

MIME-tools er eigna verktøy til slike ting.

Neste møte

Vi fann ut at det er nok med eitt møte i månaden. Vi har fast møtedag den første mandagen i månaden klokka 18.00 CET (eller GMT+0100 som Petter vil ha det). Neste møte blir då 6. mars.

Håvard Korsvoll